Siplo Skisenter vert drive på dugnad. Dei som driv denne dugnaden vert på folkemunne kalla «Siplo-gjengen». I hovudsak er oppgåvene som vert handtert av Siplo-gjengen:
Dagleg drift av skitrekk
Den daglege drifta av skitrekka vert gjort av 13 personar, fordelt på 3 vaktlag i turnus og 2 driftsansvarlege. Arbeidet her er i opningstida til skitrekket, samt klargjering og opprydding i timane før og etter. Årleg utgjer dette ca X dugnadstimar
Preparering av langrennsløyper
Preparering av langrennsløyper vert gjort av 4 personar, som organiserer seg «ad hoc». Som regel er dette to kveldar i veka samt morgonane laurdag og søndag. Ein prøver også yte litt ekstra i periodar med finvér, ferie osv. Årleg utgjer dette ca X dugnadstimar
Preparering av alpintløyper
Før opning av skitrekka på Siplo må løypene trakkast med trakkemaskin. Pga. at Siplo er eksepsjonelt bratt er dette ein krevande jobb som krever fokus, kunnskap og erfaring frå trakkemaskinføraren. For at trakkemaskinene i det heile skal kome seg opp og ned dei bratte henga - må det nyttast vinsjekraft i tillegg til belteframdrifta. Kor lang tid det tek å klargjere bakken varierer frå 2 til 6 timar, avhengig av vér og føre.
Vedlikehald og reparasjonar av skitrekk
Siplo ligg vérhardt til, med eit ustabilt klima. Saman med det bratte terrenget skapar dette stor slitasje på skitrekket. Det ryk stadig lager og andre delar. Samstundes som det må utførast førebyggjande vedlikehald. Bratta gjer også at når noko først «ryk» er det ofte både kronglete og tidkrevjande å kome til. Det skiftande klimaet, då spesielt når temperaturen kryp over frysepunktet, gjer at signallinja er svært utsett for (rust)vatn og fukt som gjev tilstrekkeleg tap til signalbrot.
Vedlikehald og reparasjonar trakkemaskinger og snøscootere
Det same som slit på skitrekket slit også på trakkemaskinene. Å trakke i 41% helling er ei enorm belastning. Den kramme snøen, som vi har ein del av, slit også ekstra på beltene. Desverre har vi ikkje garasjer til trakkemaskine heller. Så temperatursvingingar, vind og frost slit på maskinene - og når skaden er skjedd, er det for dei fleste, ein utakknemleg jobb å ligge i sørpa på parkeringen og skru.
Hjelp til folk på fjellet
Siplo Skisenter sine maskiner og personell hjelper hyttefolk med å måke rundt hytter, samt å lage vegar fram til hytter når det er behov for det. Vi lagar også vegar for Statkraft t.d. inn i Breidalen, som mange nyttar som tur-løyper. Utover dette hjelper vi til med logistikk og tilrettelegging av aktivitetsområder når skular, klassar, instutisjonar og andre grupper har dags- eller overnattingsturar på fjellet.
Administrasjon og økonomi
Å få kabalen over til å gå opp, krever også administrasjon, leiing og ikkje minst ein del kroner. Utover det å drive skisenteret, jobbar også dugnadsgjengen dugnad for å skaffe midlar til drifta. Dette skjer mellom anne vha. fyrverkerisal i romjula. Vi har også ei rekke støttespelarar i næringslivet, som støttar drifta økonomisk.