Falkenhytta

Falkenhytta er den store samlingshytta på Høyangerfjellet. Den er ypperlig både for familieturen, eller om ein er ein større gjeng - og er ypperleg for t.d. klasseturar.

Hytta ligg rett ved skisenteret og då om lag 200m frå parkeringsplassen (vinterstid), somarstid er det bilveg heilt opp til hytta. Det er høve til å tinge transport frå bilparkering til hytta med snøscooter. Den kan tingast for både kortare og lengre periodar. Ein kan også tinge ein «pakke» der ein kan leige skitrekket eller barnetrekket som eit innslag i opphaldet.

Pga. brannlover er det ikkje lenger lov å sove i øvste etasjen. Vi jobbar med å gjera TV-stova i 2 etg. om til soverom, slik at hytta framleis har bra overnattingskapasitet.

Hytta har wifi.

Ta kontakt for sjekk om hytta er ledig.
Lars Jonas Pedersen tlf.97097667 evt. larsjey@gmail.com

 

Prisar pr. 2023

  • Pr natt: 1200
  • Minstepris: 1900
  • Langtidsleige (5 netter eller meir): 900 kr. pr. natt
  • Straum kjem i tillegg (etter forbruk)