< Til startsida

Opningfest 3. februar

Endeleg er nytt barnetrekk på plass. Denne kvelden vert den offisielle opninga med glede, lukke, ordførar, pomp og prakt!

 

Program (omtrentlege tidspunkt)

1645 - 1730: Scootertransport frå parkeringen

1730: Programmet startar

  • Talar ved ma. ordførar og Hydro
  • Snorklypping og opningstur

18.15 (Litt) uhøgtidleg slalomrenn: Både for vaksne og born - det viktigaste er å delta.

18.45 Afterski (barnevennleg utgåve) i botnen av bakken

Programmet er ferdig ca kl. 19.00.
 

Om det er personar med særskilde behov for transport mm opp til skitrekket. Kontakt kveldens vaktleiar Gaute Haugen: 40475012. Helst i god tid (torsdag)…

 

Camp
Barnas turlag etablerer turcamp, med bål og pølser, brød/lompe/kakao/kaffe/saft og marsmellow :-)

 

Lån av utstyr
BUA har mykje godt friluftsutstyr til utlån, ma. slalomutstyr og hjelmar. Sjå facebooksida deira for opningstider. Ekstra opent 12-17 på fredag. NB: Det er ikkje BUA / utlån på fjellet, men på sentralen deira i Elvegata 22

 

Transport
Gratis transport med minibuss frå rutebilstasjonen blir satt opp med avreise kl 16:30, med retur frå fjellet kl 19:15. Det blir køyrt fleire turar etter avtale.

 

Fjellvegen
Per A Øren vil gjere så godt dei kan for at det skal vera gode forhold i vegen. Fint om vi kan unngå/minimere trafikk ned fjellvegen mellom kl. 1630 og 1715.