Siplo takkar for støtta frå:

Siplo Skisenter

Siplo skisenter ligg i Høyanger i Sogn og fjordane. Skisenteret vert dreve på dugnad, og årleg vert ca 3000 dugnadstimar lagt ned for å halde det i drift. Siplo skisenter fekk kulturprisen i 2005.

Driftsansvarleg: Jan Milde (jan[at]siplo.no)

Fakta langrennsløyper
Lysløype 2,5 km
Turløype til Synken: 5 km

Fakta alpintbakken
Fabrikkat: Puma
Bygd: 1983
Gjennomsnittleg helling 23,3°
Skrålengd 688 m
Brattaste helling 37°
Høgdeulikskap 272 meter
Kapasitet 510 pers/t
Snøggleik 3.37 m/sek evt. 12.km/t

Året etter at trekket vart bygd bestemd av Veritas at den brattaste hellinga i skitrekk ikkje skulle overstige 35°. Det betyr at Siplo Skisenter har ei av dei brattaste hellingane i ein skibakke i Noreg!

 

Litt historie

Henta frå og revidert / fritt etter ei skuleoppgåve av Christer K. Astor og Kristian T. Solheim skreiv i 2006

I forbindelse med kraftutbygginga i Høyanger pa slutten av 70-talet missa Høyanger eit viktig skiomrade, «Appelsinhaugane». Omrade vart gjort utilgjengeleg på grunn av heving av vasstaden. For å kompensere for dette tapet vart det bygd ein skiheis, same som i dag er Siplo Skisenter.

Trekket vart ferdig i 1983. Høyanger kommune vart pålagt driveplikt for anlegget. Skiheisen/Siplo Skisenter har sidan oppstarten vert drive på dugnad av Idrettslaget IL Høyang og privatpersonar, med økonomisk støtte fra Høyanger kommune. Anlegget omfattar i tillegg til Skiheis og bakkar; 2,5km lysløype og 7,5km med skiløype langs Bergsvatn til
Synken.

Dei forste 10 åra vart trekket for det meste styrt av alpingruppa. Dei 3 -4 neste ara var det Jan og Andor Milde som heldt på, og seinare kom og Steinar Moritsgard inn i biletet. I år 2000 var det ingen som ønska å halde fram, eller overta drifta ved Siplo Skisenter. Anlegget var delvis nedslite og i dårleg forfatning. 16-17 skientusiastar frå Høyanger Raude Kors Hjelpekorps bestemte seg derfor for å overta drifta av Siplo Skisenter, og skiløypene rundt.

Skisenteret disponerte 2 trakkemaskiner, ein frå 1975 og ein frå 1979. Det første som måtte gjerast var a erstatte den eldste maskina med ei ny ei. Prisen for trakkemaskina var heile 500.000 kr. Høyanger Raude Kors gav 50.000kr + 70.000kr i Iån. Resten vart finansiert av Høyanger Kommune, Hydro og Fundo. Den nye trakkemaskina vart ein 91 -modell Prinoth T4.

Stiftinga Siplo Trakkemaskindrift vart no oppretta fordi styret i Høyanger Raude Kors hadde fått darlige tilbakemeldingar. «Pengane til Hjelpekorpset skal ikkje ga til a finansiere slikt utstyr». Siplo Trakkemaskindrift driv i dag framleis Siplo Skisenter. Hovudmalsparagrafen er  «å oppretthalde eit best mogleg skitilbod for befolkninga i Høyanger, og å tilbake føre økonomiske midlar som blir skapt i skiomradet Siplo». Stiftinga disponerar i dag ein 91-modellen Prinoth T4 mlvinsj og ein 94-modell Prinoth T4S. Den nyaste vart kjøpt inn i juli 2005 brukt, frå Sverige.

Jan Milde meinar det i dei fyste leveåra til trekket kom over 100 000,- kr. inn i billettinntekter til skitrekket. EIn av grunnane var at heile familien var i skitrekket. Tendensen i dag er at ungar og ungdom køyrer i trekk, medan far og mor er på tur...

Bruker

Passord

28. apr. 2017. 20:00Synken, klassiskSynken, fristilDag Nestegjerde
22. mar. 2017: Fullt tidbod

Både skiheiser og langrennsløyper er ordinært drifta

ArtSys Solution